Utvikling

Skjer over tid…

Utvikling skjer over tid. Desse tre prosessene Pål K. Medhus køyrer skal og må ta tid. I tett samhandling med deg som oppdragsgivar. Derfor sorterer me desse tre under tittelen utvikling. Fordi me meiner utvikling krev og fortener tid.

Bedriftsutvikling

OM det er slik at bedrifta di vil utvikle seg kan det kanskje vere lurt å ta med seg Pål på deler av dette arbeidet. Pål har starta eiga bedrift, bygd stein på stein, gjort alle feil som er mogleg å gjere, reist seg att og opplevd å ha lykkast. Kva meir kan du forvente av ein bedriftsutviklar?

Pris: På forespørsel.

Stedsutvikling

Stedsutvikling med opplevelsesbrillene på! Ja, for det er mange som påberopar seg kunnskap om det å utvikle heile stader. Og ja, så klart er det mange innganger og ulike måtar å gjere dette på. Pål er klokkeklar i si sak! Det startar med dei som bur der, jobbar der, bedriftane, kommunen og til slutt også dei som kjem på besøk. Stadutvikling kan gjerast på tegnebrettet, og det kan gjerast praktisk med ulike øvelser og verktøy. Observasjonsteknikkar, verdiskapingsmodellar og mykje anna blir presentert og jobba med i stadutviklingsprosessane med Pål til stades.

Pål er ofte ein del av eit større lag, og elskar å ha den frie rolla og dra saman trådane i slike prosjekt.

Pris: På forespørsel.

Markedsutvikling

Kva for interesser har dei du prøver å nå i markedet? Har dei interesse for det du har? Om ikkje … ja, då blir det vrient å få dei på besøk eller få dei til å kjøpe det du tilbyr. I denne prosessen definerer me kva menneskene er opptatt av, kva interesser og bruksvaner dei har. Me jobbar med «personas» eller «livsstilssegmentering» som Pål liker å kalle det. Spennande og morsomt.

Me undersøker, definerer, tegner, bygger og får innsikt i korleis ein skal få fleire av dei riktige kundane der ute, til å velge akkurat deg og di bedrift.

Dette er ein viktig del av måten å jobbe med marked på, med utgangspunkt i Opplevelsesøkonomi.

Pris: På forespørsel.