Høve Støtt
Hug Leik Alvor Verksted Arenaer Om oss Podcast Påsten Masterclass Opplevelse Nettbutikk Kontakt Pål
25 år med opplevelsesøkonomi
Høve Støtt / Verksted / 25 år med opplevelsesøkonomi
Alvor
Pine & Gilmore, opplevelsesøkonomi, transformasjonsøkonomi, Høve Støtt,

25 år med opplevelsesøkonomi

Opplevelsesøkonomien har endring som mål for verdiskapinga – gjennom engasjerande, minneverdige og erfaringsbaserte hendingar. Det handlar om det du opplever, og det du lærer av, det du erfarer og dei endringane du får ved deltaking. Eg har skrivi litt om dette.

På engelsk, kan ordet “opplevelse” bety både noko du erfarer og noko du deltek i/på. Det same gjeld i tysk språk, med Erlebnisse (opplevingar) og Erfahrung (erfaring). På norsk er me kanskje litt fattige i ordbruken akkurat når det kjem til dette med opplevelser.

Eit globalt skifte i økonomisk tankesett
Opplevelsesøkonomien har vekst, og er eit globalt fenomen. Denne økonomien har vore ei drivkraft i økonomisk utvikling dei siste 25 åra. I land rundt oss er mange bransjar for lengst i gang med å jobbe etter prinsippa og metodikken frå opplevelsesøkonomiens:  Helse, ernæring, forsikring og bank. Retail og daglegvare, klesprodusentar og reiselivsnæringa. Alle har latt seg inspirere av fleirsanselegheit, estetikk, dramaturgi og historieforteljing, og vektlegg element som er underhaldande, utviklande og eskapistiske.

Og no ser me konturane av eit nytt begrep: Transformasjonsøkonomien.

Treng me nye bøker, teoriar og verktøy no? Berre 25 år etter at verda vart introdusert for opplevelsesøkonomiens (introdusert for alvor i 1999), spør me: Treng me nye teoriar? Nye verktøy?

Kanskje.

Kanskje treng me nettopp nye tankar for å forstå den fulle krafta i opplevelsesøkonomiens – og kva som kjem etter den.

I over 20 år har eg reist rundt i Norge. Opplevelsesøkonomien har vore ein viktig del av  verktøykassa mi – ei inspirasjonskjelde i møte med små og mellomstore reiselivsbedrifter. Kan hende sjølve ordet opplevelsesøkonomi kan virke for enkelt. Mange tenker straks på ridetur, kajakk, sykkelutleie og skikøyring. Prinsippa og metodikken kan jo brukast om alle næringar:

  • Tannlegekontor / velværeaktørar
  • Læraryrket / undervisning
  • Matbutikkar
  • Skomakar / smed
  • Kultur/konsert/bibliotek ( som for eksempel Daniel Kvammen på biletet. Han forstår dette) 


Ærleg talt – eg kan ikkje komme på éin einaste bransje som ikkje ville ha nytte av prinsippa og metodikken frå opplevelsesøkonomiens. Likevel har det vore krevjande for mange å forstå dette.

Det neste steget: Transformasjonsøkonomien
Derfor gler eg meg til å snakke meir om transformasjonsøkonomien. Sjølv om den kallast “ny”, er den ikkje heilt ny. Ønsket om endring er gamalt. Det same er det å ta betalt for endring. Å følge opp kunden – dette har me kjent til lenge.

Tenk etter.

Du har sannsynlegvis sjølv betalt for endring. Som student betalte du kanskje med både pengar og tid. Dersom tid er valutaen i opplevelsesøkonomiens er TID også ein viktig faktor saman med endring i transformasjonsøkonomien. Endring over tid, med oppfølging, Tid er det du må prioritere, og endring er det du må ville. TID har alle like mykje av, vilje til endring er den store variabelen. Tid er også grunnlaget for kva du velgjer å gjere – basert på dine interesser. Akkurat som i opplevelsesøkonomien.

Tid – den nye luksusen
Tid er blitt den nye luksusen. Den er knapp, den er personleg, og den er likt fordelt.Det blir spennande å sjå kva for nye bransjar som no grip moglegheitene i transformasjonsøkonomien.

Vegen vidare
Min mentor Joe Pine, og eg er så heldig at han er i nettverket mitt. Neste steg for meg blir å snakke med han om korleis han ser for seg framtida for transformasjonsøkonomien. Både artiklar og bøker om temaet er på veg – det er ikkje langt unna. Eg gler meg til å snakke med Joe om akkurat desse emnene.

Det Joe Pine og James Gilmore oppnådde med The Experience Economy var banebrytande.

Effekten på ulike bransjar er udiskutabel. Om du vil snakke om det med meg, så gjer eg det når som helst! Og i Norge vil me nok veldig snart sjå fleire artiklar og diskusjonar om arvtakaren til opplevelsesøkonomien: transformasjonsøkonomien.

Eg gjer meg klar til å snakke om kva dette betyr – og moglegheitene som ligg der framme.

Eit nytt tankesett
Opplevelsesøkonomi, og no transformasjonsøkonomi, handlar ikkje berre om teori – dette er tankesett som ideelt sett vil endre ei bedrift og måten ein jobbar på med publikummet sitt.

Altså. Eit verdisett og eit verktøysett for verdiskaping som vil endre bedrifta di, uansett kva du driv med. Eg lover å halde meg oppdatert, og eg lover å dele det eg lærer, forstår og tenker om emnet. Eg har ikkje alle svara, men eg har mykje på hjarta om saken!

 

Takk! Du er på lista. 🎉