Korleis du utvikle bedrifta di til å jobbe med transformasjonsøkonomi? Er du klar for å endre folk? Hjelpe dei med å endre, forbetre eller forminske? Kan dine medarbeidarar skape dei verkelege store opplevingane som fører til langvarig relasjon, ein type oppfølging og guiding?
Kva betyr det at folk har ambisjonar, eller har rolla som aspirant og vil oppleve utvikling over tid? Er du rigga for å guide dine kundars ambisjonar frå start til mål? Små eller store endringar, kontraster, kunnskap og til og med livsvarige minner?
Det er store spørsmål, og dei kan i nokre bransjar opplevast som nye problemstillingar. No er det ikkje nytt at folk har ambisjonar eller at bedrifter og heile bransjar, skor seg på folks vilje og meir eller mindre kan oppnå sine ambisjonar med sin eigen innsats. Kanskje med litt hjelp frå ein coach? Coach er ein forholdsvis ny tittel her i landet. Ordet er engelsk og betyr trener. Ein som har eit system, som du på laget eller som person skal følgje. Du på di side, bruker dine eigenskapar som forhåpentlegvis passer inn i trenarens system og hierarki. I moderne tid har coach fått ein oppheva posisjon, som på sett og vis hever coachen over andre ord og yrkestitlar. Guide, rettleiar, mentor, lærar, trenar eller rådgivar. Det er alle titlar og namn på roller som bidrar til endring.
I transformasjonsøkonomien, som framleis er best forklart på engelsk, så er det å være ein transformation guide det ein som tilbyder kan kalle seg. Ein rettleiar i endring over tid. Det eg lurar på er, kva bransje er det som kan bruke ein slik tittel? Og kven er det som kan selge desse endringane, og til kven? Er di bedrift klar? Og er bransjen din klar over desse moglegheitene?
La uss sjå på kven det er som søkjer og vil oppnå endring. Det er folk med ambisjonar, med vilje og behov for endring. Og viljen og behovet er varierande. Og endringane i seg sjølv, har også ulike nivå. Vi kallar dei som vil i gang med noko nytt for aspirantar. Det kjem av det engelske aspire, som er bygd opp av latin så klart. Rett oversett frå latin er ein aspirant ein som pustar mot noko. Altså som streber etter og vil det meir enn andre. Eit anna ord du kjenner, inspirere, betyr å puste inn. Altså å ta inn... konspirere, å puste saman. Du tek poenget. Å bruke aspirant er i norsk tale er ikkje ukjent, men er brukt mest i litt tyngre akademiske yrker. Offisersaspirant blir brukt i dag, og i gamle dagar var det politiaspirantar i gatene, før det vart høgskole og politistudentar.
Tilbake til din bedrift. Ta ein kikk på markanden din. Finn du nokre målgrupper der, som har aspirantar som ein naturleg del av dei du kan jobbe med? DÅ kan du starte jobben med å kartlegge behov gjennom gode førebuingar skape opplevingar og erfaringar saman med aspiranten, for så i avsluttande fase reflektere og integrere erfaringane slik at aspiranten når sine ambisjonar. I forsvaret blir du befal, og har betalt gjennom innsats, sveitte og disiplin og tydelege val/prioriteringar. I din bransje er det kanskje heilt ulikt?
Det ligg mykje verdiskaping og ventar i mange bransjar, om ein lærer seg å jobbe med transformasjonsøkonomi.

Limer inn eit bilete frå då eg var i Minneapolis tidlegare i sumar, og tok utdanningen Transformations Guide hjå Joe Pine.

Gode barndomsminner varer evig, vil flere hevde. Og vi stemmer i! For hva er vel bedre enn trygge, leikne sommerdager i lag med gode venner i nabolaget? Bygdebygging er noko vi bryr oss om og heier spesielt hardt på!

Den skumleste endringen er ikke alltid den største! Du har sikkert håndtert en fusjon. En omorganisering. Et nytt lederteam. Men har du håndtert at kaffetrakteren ble flyttet?

Mange spør meg om kva det eg har måttet ofre på min veg som gründer. Eg har ikkje vørte tvinga til å ofre noko, men det har blitt ofra. Mykje. Ikkje tå fri vilje, men meir som ein konsekvens.