Journalist Celina Therese Ekholt i Aftenposten har diverre heilt rett. I ein artikkel publisert i august skriv ho om korleis norske festivalar i aukande grad satsar på alt anna enn sjølve line-upen. Eg har lese artikkelen, og eg er einig i konklusjonen: det er ikkje headlinaren du hugsar.
Ein festival er ei oppleving, og opplevingar er samansette. Ifølgje Pine og Gilmores kjende opplevingsmodell skal ei god oppleving vere underhaldande, utviklande (ein skal lære noko), eskapistisk (til dømes gjennom kontrastar), og estetikk er det fjerde elementet. Nettopp difor legg mange norske festivalar i dag meir innsats i det som skjer rundt konsertane enn i sjølve line-upen. For å skape ei heilskapleg oppleving! Det er eit fagfelt som kler festivalproduksjon godt!
Aktivitetar som spikking, strikking, jogging eller yoga i fjøra – som også blir nemnde i Ekholts artikkel – gir deltakarane noko å lære og noko å flykte inn i. Det er joggeturen, yogaen og stunda i solstolen som løftar opplevinga estetisk. Ein festival i dag er like mykje ein arena for ulike typar opplevingar som han er ein konsertscene.
Musikkinteressa forsvinn ikkje av seg sjølv
Sjølv har eg fått gleda av å vere med på både Vinjerock og Rondaståk, i tillegg til fleire andre festivalar. Eg er 52 år og musikkinteressert først og fremst når eg går på festival. Men ein biverknad av å fylle festivalane med alt mogleg anna, er at publikum kan bli mindre opptekne av line-upen. Ekholt skriv at det ikkje er line-upen ein hugsar – eg vil gå så langt som å seie at mange i dag knapt vel festival på grunn av artistane i det heile teke.

Ikkje alle er på festival for musikken.
Det skapar eit eige problem: publikum som står og pratar høgt gjennom konsertane. Eg diskuterte nyleg dette med Øyvind Rønning, musikkmeldar i Dagbladet, som føreslo – med eit glimt i auget – å setje alle som ikkje er interesserte i musikken i eit eige glasbur, slik at dei kan prate i veg utan å forstyrre resten. Du veit, litt slik som røykeboksen på flyplassar i utlandet.

Buskspel på Rondaståk, 2026
Aldersskilnader og avstand til scena
Ekholts artikkel peikar på at ungdom ofte er godt representerte på denne typen festivalar. Vinjerock har ein overraskande låg gjennomsnittsalder, og truleg gjeld det same for Trænafestivalen. Mykje av dette heng saman med enkel overnatting i telt eller glamping, der fysikk og form fort blir ein avgrensande faktor. På store Oslo-festivalar, der line-upen spelar ei større rolle, ser eg at gjennomsnittsalderen gjerne er høgare.
Dei små festivalane der musikken framleis er hovudsaka
Poenget mitt er dette: festivalar som Vinjerock, Rondaståk og Trænafestivalen får stadig konkurranse frå mindre festivalar der musikken framleis står i sentrum. Eit døme er Sotur, ein festival langt unna Oslo som også tilbyr aktivitetar som spikking, dansekurs og matkurs. Likevel er det musikken folk har hugsa best etter første gjennomføring – med sterke lokale innslag, mellom anna to ungdomsband og friske stemmer frå bygde-Noreg.
Og eg opplevde sterke musikalske opplevingar på ein liten festival ved Breheimen, der det riktig nok var spikkekurs, ølsmaking og andre aktivitetar – men der det folk snakka mest om, framleis var musikken.
Interesse framfor musikk – eller motsett
Interesser og målgrupper heng tett saman. Mange festivalar brukar aktivitetar som spikking og yoga til å fange breiare interessefelt – og då blir musikken lett sekundær for delar av publikum. Andre festivalar held fast ved ein tydeleg musikalsk profil og trekkjer til seg eit meir musikkinteressert publikum. Kongsberg Jazzfestival bookar til dømes artistar som ikkje nødvendigvis er reindyrka jazzmusikarar, nettopp for å breidde ut interessefeltet. Notodden Blues Festival er eit anna døme på at det ikkje berre er tradisjonell blues som definerer programmet.
Tillit er festivalanes eigentlege valuta
Til sjuande og sist handlar festival om tillit – tillit til at opplevinga blir bra. Vinjerock blir seld ut på minutt, ikkje berre på grunn av line-upen, men fordi publikum stolar på festivalen basert på tidlegare erfaringar og gode tilbakemeldingar. Har ein opparbeidd den tilliten, sit ein med sterke kort.
Nokre festivalar har også leika seg med hemmeleghald rundt line-upen. Ein liten, musikkfokusert festival i Hallingdal hadde hovudartisten hemmeleg heilt til vedkomande gjekk på scena. Madrugada lista seg ut på scena, på ein utsolgt festival. Då den hemmelege artisten endeleg synte seg, skapte det ein umiddelbar og sterk tillit hos publikum. Genialt trekk Frå SundreBall på Ål. Fleire festivalar har prøvd seg på liknande grep – og det trur eg kan vere ein både morosam og spennande idé å byggje vidare på.
Så mi utfordring til Celina Ekholt og Aftenposten: ta turen til nokre av dei små festivalane i Noreg. Der trur eg de vil oppdage at folk faktisk hugsar line-upen.
Huks: det er jo fest i val…

Det er sannsynleg at verdiskapningen rundt Peer Gynt kulturfestival er over 50-60 millioner kroner, kvart år. Det skjer i løpet av ei drøy uke i starten på august, kvart einaste år. Men, kvifor går det så bra? Eller er det eit spel for galleriet? Kven tjener på at Peer Gynt kulturfestival lukkast?

Trine på Vestlia ringte meg å lurte på om eg kunne ta ein prat med ABB, dei trengte eit humorinnsalg på fem sammlinger totalt. Så ringte eg kontaktpersonen i ABB, og det viste seg at det skulle litt meir til enn ein gammel vits eller to til for å levere det som var ønsket. Det vart avtalt eit møte..

Den skumleste endringen er ikke alltid den største! Du har sikkert håndtert en fusjon. En omorganisering. Et nytt lederteam. Men har du håndtert at kaffetrakteren ble flyttet?