Goffa min var ein vanvittig flink smed. Han gjekk i lære hjå far sin, og måtte finne sin eigen stil med kvalitet og funksjon. Pål K. Medhus var namnet, og han forsvant frå jorden så alt, alt for tidleg knapt 60 år gamal. Han tapte kampen han stod i med det vanvittige livet som smed.

Bildet er saksa frå Hallingdølen.no
Rulletobakk, koksrøyk og 14 timers arbeidsdaga. Korte matpausu, og fjøsstell både fyri og etter arbeidet i smiu. Ho står på garden min endå. Medhus-smiu frå 1915. Oldefar Knut Medhus bygde den opp, og begge sønnnene hans jobba der. Osvald og Pål. Dei utfylte kvarandre i arbeidet, og var gode på innovasjon. Nye modellar av ljåblad, kniver, lampetter, lysekroner, stålamper med askebeger og borstenger til anlegga i fjellet. Å smi var og er ein kunst. Eit realt fag som krever nøysomhet på millimeteren og rå kraft som ein okse! Hardt arbeid, til manges glede. Og ei og anna sjelden gong, fantes det arbeidsteikning.
Pål fekk ein dag eit oppdrag om å lage ein doning for Svein Nestegard. Svein trengte ein doning som kunne henge etter Trackmasteren på vinteren inn til Iungsdalen. Den skulle ha sving på det wins paret med meier, det skulle være karmer og den skulle tåle eit realt lass.
Goffa fekk hjelp av kommuneingeniør Einar Kiran med å teikne arbeidsteikning. Prosessen var lang, forndet måtte gjerast nøye. Ferdige teikningar vart overlevert og pilotmodell vart satt i produksjon. Deler vart kjøpt i Oslo på spesialforretning og doningen stod ferdig. Testkøyring på jordet og Svein fekk sin doning og fleire vart laga til andre.
Lukka var derfor enorm, då eg her ein dagen fann dei originale teikningane som Einar Kiran teikna til Goffa. Dei låg i ein bærepose under noko skrot i verkstaden som e driv å rydda. Eg pakka dei fint sammen og svippa te Ål for å tamme dei inn.
No heng dei på veggen i verkstaden på Påsten, og er noko av det gjevaste eg eig. Stolt av å være ein del av skaparhistoria på Medhus. No i mi eiga smiu i Holsbygda. Ei idesmiu som eg har valgt å kalle Påsten.

Før dere booker teambuilding bør dere avklare gruppens størrelse og sammensetning, hva målet med aktiviteten er, og hvordan opplevelsen skal følges opp i etterkant. Still gode spørsmål til leverandøren du er i dialog med.

Det er sannsynleg at verdiskapningen rundt Peer Gynt kulturfestival er over 50-60 millioner kroner, kvart år. Det skjer i løpet av ei drøy uke i starten på august, kvart einaste år. Men, kvifor går det så bra? Eller er det eit spel for galleriet? Kven tjener på at Peer Gynt kulturfestival lukkast?

So er den her! Kortstokken med over 200 spørsmål, ord og oppgaver! Eg er o innmari glad for at denne er ute og for salg på nettbutikken. Eg vil skrive meir om dette utviklingsverktøyet no, for det er jaggu like aktuelt endå!