Det finst eit augeblikk i nesten kvar leik vi held på med – midt i ei økt med Fotojakten, ei fastlåst Lego-utfordring, eller ein forvirra runde HallingBingo – der noko skjer. Nokon ler litt for høgt. Nokon roper instruksjonar dei sjølv ikkje trur på. Og so skjer det...
Plutseleg er det ikkje sjefen og dei tilsette lenger. Det er berre folk, i lag, med hendene fulle av noko nytt og fint.
Vi har halde på med dette i 25 år, og vi blir aldri lei av å sjå det skje.
Tillit byggast vanlegvis sakte. Møte etter møte, prosjekt etter prosjekt, du finn ut kven du kan stole på når det butter. Men leik – ekte, litt klumsete leik – tar snarvegen. Når du står med ei binde for augene og lar ein kollega leie deg gjennom eit hinderløp, har du akkurat gjort noko du normalt aldri ville gjort på jobb: du har gjort deg sårbar, med vilje, framfor folk du kanskje berre kjenner frå Teams-ruta.
Det er nettopp der tilliten sit. Ikkje i strategidokumentet om «psykologisk tryggheit», men i det vesle, konkrete augeblikket der nokon fanga deg – bokstaveleg eller biletleg.
På eit kontor blir du gjerne sett for det du leverer. I leiken blir du sett for den du er. Den stille frå økonomi som plutseleg er strategisk genial i ein puslespel-øving. Han frå lageret som viser seg å ha eit forbausande godt blikk for foto-komposisjon i Fotojakten. Leiken flyttar rundt på hierarkiet, om enn berre for ein time, og gir alle sjansen til å bli annerkjent for noko anna enn tittelen sin.
Det er ikkje tilfeldig at folk hugsar desse augeblikka lenge etter at dei har gløymt kva kvartalsrapporten sa.
Vi seier ofte at ramma er lek, men resultatet er alvorleg – og det er nettopp det som skjer med minna. Eit felles minne frå ein leik i unødvendig vakker natur blir ein referanse gjengen kan hente fram i årevis. «Hugsar du då du…» er starten på historier som byggjer kultur, ikkje berre kjekke minne. Og ein gjeng med felles historier er ein gjeng som held saman når det verkeleg gjeld – i det daglege alvoret.
Vi er ikkje ute etter at folk skal ha det gøy for gøy si skuld (sjølv om det heller ikkje er noko gale i det). Vi er ute etter det som skjer etterpå: at gjengen kjenner kvarandre litt betre, stolar litt meir på kvarandre, og har eit felles språk av delte augeblikk å ta med seg tilbake til møterommet.
Så neste gong nokon i leiinga lurer på om det er «bortkasta tid» å setje av ein dag til leik med gjengen – spør heller kva det kostar å ikkje gjere det. Ein gjeng utan tillit, utan felles historier og utan kjensla av å bli sett, er ein dyrare gjeng enn dei fleste rekk å tenkje over.
Vil du la leiken leve i din bedrift? Ta kontakt med Pål – han svarer sjølv.

Under Covidpandemien var det ikkje mykje som var som det hadde vøri. Men, det var også ting som heldigvis skjedde som aldri ville skjedd foruten. Eg fekk blant anna møte Ina og Jani frå Plura Valley. Det er ein periode i livet mitt eg aldri vil gløyme. Les historie her...

Nokre stader besøker du, og huksar ei stund. Andre stader finn vegen rett inn i hjartet ditt, og blir der. Hylja Lodge er utan tvil det siste.

Et minneverdig foredrag kombinerer et budskap publikum faktisk trenger, en foredragsholder som er ekte til stede, og en fortelling som skaper følelser – ikke bare informasjon. Det er forskjellen på et foredrag folk husker i årevis, og et de har glemt innen lunsj.