Det skyl ei badstovebølgje over landet vårt. Der det før stod ein vindaugslaus boks i kjellaren, tronar det no arkitektteikna perler på fjorden, i skogkanten og midt i byen. Men kvifor no? Og var ikkje dette eigentleg noko finnane fann på? Og ein ting til; treng vi så mange av dei?
Svaret er både ja og nei. Finnane har aldri sleppt taket: det finst rundt 3,2 millionar badstover i Finland, i eit land med om lag fem og ein halv million innbyggjarar. Det blir nesten éi badstove på deling for kvart hushald. I desember 2020 hamna den finske badstovekulturen på UNESCO si liste over immateriell kulturarv i verda.
Men vi nordmenn har òg damp i blodet. I mellomalderen hadde alle norske byar badstover, og fordi kvinner og menn bada saman, gjekk kyrkja hardt ut mot dei. Etter kvart blei kulturen nærast borte i eit par hundre år. Det var kvenar og skogfinnar som heldt liv i sin eigen badstovetradisjon i Noreg, medan resten av oss nøgde oss med eit årleg julebad. På 1930-talet kom ein ny vår, mykje takka vere langrennsløparen og badstoveforkjemparen Trygve Brodahl. Andre norske badstueentusiastar frå nyare tid, er Mikkel Aaland (sjekk ut boka SWEAT) og Thorbjørn Scheie, begge Æresmedlemmer i Norges Badstuelaug. No kåres Årets badstuemester og andre fine utmerkelser, som gjer at ein lyfter opp menneska som ofte er ein viktig del av det å ta sauna. Dei tre grunnpilarane i sanseopplevingar er sosialt, spirituelt og det fysiske. Og inn i mellom dei tre er det rom for mange spennande opplevingar, med handklede, oljer, sanselege påfunn og og mellommenneskeleg ro og behag. Det er mange som har jobba for å lyfte opp tradisjonane rundt badstue. PÅ denne sida kan du få oversikt over medlemmer og kvar ein finn dei ulike badstuene / saunaene i Noreg.

Allereie 1939 fekk Noreg til og med ei eiga badstovenemnd, med mål om ei folkebadstove i kvar kommune, men krigen sette ein stoppar for planen. Likevel fanst det over 900 ideelle grendebadstover på 1950-talet, før innlagt vatn gjorde dei «gammaldagse».
Så kom flåtane. Den første flytande badstova dukka opp i Hardangerfjorden i 1999, og sidan har det kome hundrevis over heile landet. I dag har Oslo blitt eit internasjonalt badstoveikon, og badstova har for mange blitt det siste avdigitaliserte rommet i kvardagen, der mobilen blir liggjande utanfor. Oslo var i september 2026, vertskap for den internasjonale badstuekonferansen
Men det er ikkje berre i hovudstaden det dampar. Ved Telemarkskanalen, mellom Lunde og Vrangfoss sluse, ligg Skogens rom: ei arkitektteikna badstoveflåte som opna i mars 2025. Flåten er teikna av Furore Arkitektur, har vedfyrt badstove og ei eiga oppvarma stove, og kanalen rett utanfor til avkjøling. Allereie året etter fekk han prisen som «Årets nykomar 2026» frå Norges Badstulaug. Heilt i nordaust, i Vadsø, finn du Horisontti, ei arkitektteikna kvensk badstove midt i det som blir kalla kvenbyen. Badstovegeneralen i Badstulauget sjølv omtalar henne som eit kunstverk bygd på kvensk kultur og tradisjon. Der knyter ringen seg: den same tradisjonen som overlevde i nord medan resten av landet frøys, står no fram som noko av det ypparste vi har.
Kor mange badstover har vi så i Noreg? Ærleg talt: ingen veit heilt. Ingen har talt opp alle kjellarbadstovene, hyttebadstovene og flåtane. Men organiserte har vi i alle fall blitt. Norges Badstulaug har vakse til meir enn 200 badstueoperatørar og fleire hundre privatpersonar som medlemmer, og Oslo Badstuforening åleine tel 20 000 medlemmer. Ikkje verst for ein tradisjon presten ein gong prøvde å kvele.
Spennet i kvalitet, ambisjon og målet med å skape badstueopplevingar er svært varierende. Rundt om i landet står det alt i frå skeive byggverk på tilfeldig plasserte på ein platting eller tilhengar, til millioninvesteringar som er arkitektteikna, bygd med mål og meining akkurat der den står. Og fleire skal det bli, skal me tru alle artiklar om sauna- og badstueutvikling i Noreg. I 2027 skal det byggast 100 nye badstuer her i landet, og pengane kjem ofte frå stiftingar som blir grunnlaget for investeringane. Det blir spennande å følgje med, på kvar og korleis den videre utviklinga skjer.
Neste veke reiser kollega Bodil og eg til Vadsø og skal halde workshop ofr utvikling av badstue / sauna. Ein workshop som er open for alle, også dei som ikkje har eige badstove, men som driv nøring i nærleiken. Ja, for målet med arrangementet er å sette lys på og sjå på alle dei tinga rundt som kan utviklast.
Så ta på deg badetøyet (eller ikkje), og bli med inn i varmen. Det er tid for workshop!

Da Gol kommune ringte meg og spurte, vart eg først glad, så litt nervøs og så bestemte eg meg for å verkeleg prøve å dundre til! Med Lego, fargeblyanter og eit skrått blikk med glimi augo.

Mange spør meg om kva det eg har måttet ofre på min veg som gründer. Eg har ikkje vørte tvinga til å ofre noko, men det har blitt ofra. Mykje. Ikkje tå fri vilje, men meir som ein konsekvens.

Delte opplevelser er noe av det kraftigste verktøyet en bedrift har for å bygge kultur – fordi de skaper felles referanser og historier som lever videre i hverdagen, lenge etter at selve dagen er over.