Eg lærte noko nytt i dag. Ordet «hore» kjem frå ei eldgamal rot som tyder «å begjære». Opphavleg var ei hore rett og slett «den ein begjærer». Då gjekk det opp for meg at det er nettopp det som er jobben min. Å være so aktuell og kunnskapsrik, at folk kjøper meg.
Eg er ei hore. Etymologisk sett. 😉
Eg lærte noko nytt i dag. Ordet «hore» kjem frå ei eldgamal rot som tyder «å begjære». Opphavleg var ei hore rett og slett «den ein begjærer». Då gjekk det opp for meg at det er nettopp det som er jobben min. Å være so aktuell og kunnskapsrik, at folk vil ha det er har og tilbyr. Kjøpe det eg kan rett og slett.

Kvar dag prøver eg å få folk til å begjære det eg har og den eg er. Og eg strekkjer meg langt, kanskje lenger enn det som strengt tatt er sunt.
Nyleg var eg i Oslo med Peder Røyrvik. Han er ein krevjande kar. Han treng timar med førebuing og replikkar som skal treffe. Eg gjer det med glede, for eg vil at Hallingtreff skal begjære bodskapen og figuren hans like mykje som eg gjer. Og eg vil at både Hallingplast AS og alle på HAllingtreff skal ringje meg att, år etter å og ynskje seg meir.
Eg tek på meg kostyme. Eg har ulike hårsveisar. Eg brukar lakris viss eg må, for å få snusleppe. Eg smiler og seier akkurat det du ber meg om å seie, med ein liten vri. Eg reiser land og strand rundt, jobbar kveldar og helger og står på scena for den som betalar. Så reiser eg heim og håpar at du som kunde ringjer meg att ved eit anna høve.
Skilnaden er at eg tek betalt for å gje deg innsikt, energi og ein latter eller to. Og eg gjer det med kleda på, med glimt i auget og med den kunnskapen du vil skal sitje att hos dei som høyrer på. Eg gjer det framfor store publikum og for små leiargrupper. Eg gjer det i Nord-Noreg, og eg gjer det i utlandet. Peder, til dømes, har nok litt meir på agendaen enn det han i utgangspunktet kan bli mistenkt for.
Så ja: Eg er ei hore, i den opphavlege tydinga av ordet. Sjølv om det er sterkt å sjå ordet skrivi om seg sjølv.
Sjølv om eg ofte står aleine på ei scene eller i gatene i Oslo, gjer eg svært sjeldan jobben min heilt aleine. Eg jobbar meir og meir i lag med bror min i selskapet Hallingcast AS, som driv med formidling, film, bilete og nettsider. Det er meiningsfullt, nyttig og lærerikt. Og Anders, bror min, har vore ein viktig medspelar når det gjeld å få kunden til å bli nøgd.

Vil du sjå korleis vi jobbar i Oslo med Peder Røyrvik? Sjå filmen frå Oslo-turen her 👇
Her ser eitn liten smakebit. Resten av historia blir framført på Hallingtreff 2027 på Vestlia Resort
#foredrag #foredragshaldar #formidling #Hallingdal #Hallingcast #Hallingplast #PederRøyrvik

Delte opplevelser er noe av det kraftigste verktøyet en bedrift har for å bygge kultur – fordi de skaper felles referanser og historier som lever videre i hverdagen, lenge etter at selve dagen er over.

Marie Klåpbakken blir eksempelet denne gangen! Underholdning gir det faglige innholdet et sted å lande. Ren fakta og strategi kan være riktig og viktig, men uten glede og energi rundt, forsvinner ofte budskapet i mengden av alt annet folk har på agendaen.

Verden går kjapt videre, og eg synes det er vrient inni mellom å følgje med på alt det nye. Har du det slik? Forstår du alt, og hiv deg rundt og endrar bedrifta di, slik at du og den passar betre inn i ramma? Ein ting slår eg likevel fast. opplevelser trumfar service, kvar gong! Heldigvis.