Høve Støtt
Hug Leik Alvor Verksted Arenaer Om oss Podcast Påsten Masterclass Opplevelse Nettbutikk Kontakt Pål
Kan Embrik Kørfesett fungere i 2026?
Høve Støtt / Verksted / Kan Embrik Kørfesett fungere i 2026?
Hug
Embrik Kørfesett, nye tider, underholdning, på kanten, Hallingdal, humor

Kan Embrik Kørfesett fungere i 2026?

Når du og gjengen kjem til fjells for å bli underholdt og skape gode minner sammen, så er det mange måter å gjere dette på! Embrik Kørfesett vart skapt i 1997, og gjorde furore på mangt eit firmaarrangement på Geilo. Kva hadde skjedd om han kom tilbake no? Tåler vi det som vi tålte før?

Kven var han?
Embrik Kørfesett var/er eit humoristisk alter ego skapt i 1997 og spelt av Pål Knutsson Medhus, som også er grûnderen av Høve Støtt as. Ingen Embrik, intet Høve Støtt as... 

Eg har alltid likt å få folk til å le, men det var ikkje berre enkelt. Det hadde nok vore meir akseptert i større scenemiljø. At ein lokal kar skulle ta på seg bunad og fortelje vitsar og skrøner, det var det ikkje alle som likte, Eg kjende også mykje på det at alle forventa at eg var morosam heile tida. Det var ikkje alltid like lett. Det var ikkje berre at folk skulle knegge og le litt, dei skulle helst le mykje. 

Men det vart ikkje klovning på heiltid. I 2004 skjedde det noko. Klovnen, som var kokk, vart gründer i staden. Han starta eventfirmaet Høve Støtt. Samstundes tok han til å reise landet rundt for å fortelje andre bransjefolk om korleis dei skulle gripe an turismen sin. Og då vart det mindre tid til klovning. 

– Han er i live, men sjeldan på tur lenger, seier Pål Knutsson Medhus i dag. Han rakk 322 jobbar før han «pensjonerte» seg. Han er gamal vorten, men når folk spør, så kjem han ...

Opptredenar no?  Og Embrik Kørfeset? Kvar er det blitt av han? 

Har samfunnet endra seg for mykje til at Embrik kan dukke opp att i ulike settingar? Har me fått humorsensur i landet, slik at hallingen Embrik burde benytte munnbind og tia still om det han har på hjarta? Kort sagt: Embrik Kørfesett er ikkje ein tradisjonell folkloristisk skikkelse, men ein moderne, sjølvskapt reiselivs-/underhaldningsfigur – ein slags lokal "maskot" med bunad og hallingdalsk sjølvironi, brukt aktivt i marknadsføring og opptredenar i regionen. 

I 1999 kunne du lese denne friske uttalelsen frå opphavsmannen, sitat: 

- Målet mitt er at alt eg gjer skal vera kreativt, seier 25 år gamle Pål Knutsson Medhus frå Hol. Han har laga rollefiguren Embrik Kørfesett, som han ynskjer skal bli Hallingdals svar på Oluf. - Kørfeset er ein sprek, 85 år gamal mann. Han er ungkar, snakkar voldsomt breitt halling, tek gjerne eit stev, og har ein original måte å vera på, forklarar Pål. Embrik-figuren har så langt slått godt an både i Hallingdal og rundt om i heile Sør-Norge. - Eg har lyst til å livnære meg av å spele Embrik, seier Pål ubeskjedent. Den unge holingen ser ikkje bort frå at Embrik om ei tid vil dukke opp på fjernsynsskjermen. Sitat slutt. 

Men! Kan Embrik underhalde no i 2026? Ei ny tidsrekning...

Kva trur du? 

Takk! Du er på lista. 🎉