Høve Støtt
Hug Leik Alvor Verksted Arenaer Om oss Podcast Påsten Masterclass Opplevelse Nettbutikk Kontakt Pål
Peer i saxen.
Høve Støtt / Verksted / Peer i saxen.
Leik
Peer Gynt, Gudbrandsdalen, internasjonalt, utvikling, samhandling.

Peer i saxen.

Det er sannsynleg at verdiskapningen rundt Peer Gynt kulturfestival er over 50-60 millioner kroner, kvart år. Det skjer i løpet av ei drøy uke i starten på august, kvart einaste år. Men, kvifor går det så bra? Eller er det eit spel for galleriet? Kven tjener på at Peer Gynt kulturfestival lukkast?

For årets utgave av Peer Gynt på Gåla, trilla eg eit tydeleg terningkast 4, etter premiera. Det var i år, som alle andre år med ny regissør, knytta store forventninger til forestillingen. Premiera mangla flyt, fleire roller virket litt tatt av stunden og det var litt for lett å savne fjorårets utgave. Det gjorde meg litt nervøs, det innrømmer eg. Så såg eg den igjen no på forestilling nummer fire, frå bedre posisjon enn på premiera, og så satt den! Femmer! 

Gudbrandsdalen har ei gåve frå ovenpå i himmelborgen, der mesteren sjølv sitt og skuer ned. Sjølvaste Henrik Ibsen og hans leikne penn. For ein tekst, og for nokre skildringer av livet, alt i mellom, lagvis, innvevd av fantasi og ramma inn i alvor. 

«Der utgangspunktet er galest, blir ofte resultatet originalest» 

Peer Gynt er meg bekjent eit av verdens mest spilte teaterstykker med bortimot 10.000 oppsettinger, verden over! Teksten er skrivi  i Italia i 1866-1867 og er i stor grad basert på sagn og eventyr frå bondesamfunn i Norge. Heldigvis! Men alvoret ligg lagvis og tungt i alle nyanser i teksten. Eit mesterverk! Ei unik skildring med store rom for tolkninger. 

Og verdiskapingen rundt eit teaterstykke ved Gålåvannet ei drøy viku i august? Er den betydelig? Og kva betyr det for regionen Gudbrandsdalen? 

Fjern det! Ta heile Peer Gynt vekk i nokre år, så vil enda fleire forstå rolla Peer Gynt spiller i dag. For det har vokst, lag på lag. Og det vokser stadig! 

- Peeropolis, ny forestilling i 2026. 
- Bryllupet på Hægstad, fremført på Rudi Gard. 
- Planer om ny scene, for oppsetting av Brand.
- Høyfjellskonsert(er)
- Påkobling av Lars Mytting og Stein Torleif Bjella sitt univers; Heil Ved. 
- Kunstutstillinger

Flere foredrag, omvisninger og listen er enda lenger. 

50-60 millioner i verdiskaping? 
Billettsalget aleine er på rundt 15 millioner, og dette heiter altså omsetting. Sponsorer, tilskudd og tilførte penger fra hist og her, føres også opp på omsetting. Verdiskaping er den totale omsettingen for alle i heile regionen, og gjerne medregna perioder på året uten skuespillere på scene eller i sal. Det er langt meir å summere opp, enn etter ei dryg viku i august. 

Fordi: 

Det er folk som overnatter i forbindelse med forestillinger. Det er folk som har kjøpt hytte på grunn av dette teaterstykket. Folk kjøper mat, klær, postkort og kaffi med varm mjølk. Gjester tek ei ekstra natt, og dei spanderer på seg litt ekstra i glasset. Publikummere kjøper Peer Gynt-effekter og  ikkje minst; mange deler bilete og tekst fra sine opplevingar, som i sin tur inspirer andre til å ta turen. Rein og skjær merkevarebygging, basert på sagn og eventyr.

Om alle som besøker den eine forestillingen ved Gålåvatnet, legg ein liten tusenlapp ekstra, så er det 20 MNOK til i verdiskaping. Det baller fort på seg…

At Gudbrandsdalen ikkje har brukt, eller brukar Henrik Ibsen og Peer Gynt-universet enda meir, er for meg den verkeleg store knuten. 

Peer Gynt kan med fordel bli konseptuert i større grad, året rundt hjå mange fleire enn eit par bedrifter på Vinstra, Hundorp og Harpefoss. 
 

Nokre tankar, før eg går inn for landing: 

Kvifor er det ikkje Peer Gynt-pakker til salgs i det internasjonale markedet? 

Kvifor bruker ikkje dei lokale aktørene termologier, navnetrekk eller lar seg inspirere i større grad av eit av verdens meste kjende tekstunivers? 

I år vart Peer lokka i saxen, og det gir meg energi til å tenkje nytt. Eg har hylla gjengen bak spel og påfunn før, og eg gjer det igjen. 

Te lukke med alt det som ligg foran. Gå gjennom! 

Takk! Du er på lista. 🎉