Nesten alt er 100 %. Inne i bukveggen skjer det ting. Mest sannsynleg kom prosessen i gang med ein gong etter operasjonen. Bukveggen min har hol, og det revnar og ryk. Eg et meg opp. Trenar lite. Jobbar alltid. Reiser. Trenar ikkje mykje. Eg går litt. Åra går fort.
128,8 er rekorden. Vekta viste 119 kg for eitt år sidan og sånn ca. 102 kg denne viku. Men talet på vekta mi har veldig lite med slanking å gjere.
Det er lett å tenkje den tanken, kanskje? Les vidare, så vil du forstå.![]()
For snart ni år sidan gjekk eg på ein sjeldan smell, nemleg leverabscess. Og parasitten var av den eksklusive typen. Den vesle rakkaren som hadde bygd seg ny bustad i levra mi, heiter Entamoeba histolytica. Ein sjeldan parasitt med under fem tilfelle i Noreg per år, og alltid i samband med folk som har reist frå andre land. Eg tok med mitt eksemplar frå Zanzibar. Frå ein kryddertur der eg var ned på alle fire, og opp i tre. Bak bark, og under stein. Nysgjerrigheten min tok meg dit.
Folk døyr ikkje av denne parasitten, men om han byggjer reir i levra di, blir det ofte betennelse i kroppen, målt i CRP. Då eg vart beden om å reise til legen for ni år sidan, med streng vaksenstemme med kjærleik i, var CRP-en 298. Svært høgt på skalaen. So sjukebil, Ringerike, CT, skanning, diskusjon. Mistanke om betennelse i bukspyttkjertelen. Så eit fatalt innstikk av stålrøyr i kroppen … utan særleg bedøving. Så bedøving. Så nytt innstikk. Påstand om positive resultat på guffe i retur, og så ut på gangen. Eg knipsa eit bilete av klukka i gangen. 01.11.17 - 16:49.Så vart det svart.
Det var 2,7 liter blod på feil stad då dei fann meg like etter det fatale stikket. 2,7 liter blod i buken betyr dårleg tid. Eg måtte flygast til ekspertisen på Ullevål, der utstyr og mannskap er høgare prioriterte og difor meir anerkjende. Korleis det var der ute? Null flyvêr. Ingen moglegheiter. Niks. Nada. Skodde. Tjukk, seig haustleg skodde. På Lørenskog. På Ål. På Dovre.![]()
Redningsmannen min på Ringerike, Erling, er på jobb saman med ein kollega som er einig i at dei skal prøve. Dei opnar meg med eit vertikalt snitt frå sverdtappen og heilt ned forbi navlen. Det hastar no, om eg skal overleve. I tre timar jobbar teamet til Erling med meg. Og heile tida med Ullevål på øyret. Dei assisterer og bidreg. Erling og gjengen utfører. Skjer, lyftar, seksjonerer, prøver, fyller på, tek vekk. Så kjem punktet der det berre er to telefonsamtalar å velje mellom. Den eine er å ringje nærmaste pårørande og seie at eg vart ein i statistikken over mislukka forsøk. Eg veit jo kva Erling tenkte, for me har snakka saman om det sidan. Slike samtalar gløymer ein ikkje. Men, Erling ringjer ikkje til nærmaste pårørande fyrst. Han ringjer til Lørenskog og ber dei sjekke ein gong til. Er det verkeleg ikkje mogleg å fly denne onsdagskvelden?
På Lørenskog er Håvard og gjengen på jobb. Håvard les kart og satellittbilete som ingen andre. Han brukar tolv minutt på avgjerda. Det er veldig, veldig lenge for ein pilot i Norsk Luftambulanse. Håvard og gjengen har, på bakgrunn av innsatsen til vervekorpset, skaffa midlar til utviklinga av PinS, Point-in-Space. Poenget er at helikopter kan bruke instrumentflyging til stader som elles berre kan nåast ved god sikt, til dømes sjukehus utan flyplass. Norsk Luftambulanse var det første helikopterselskapet i Europa som fekk godkjent instrumentbasert innflyging til landingspunkt som ikkje er flyplassar.
Piloten og teamet ringjer tilbake til Ringerike og seier: – Gjer pasienten klar, vi kjem og hentar han.
Denne innsikta har eg no fordi Norsk Luftambulanse utfordra meg til å fortelje historia mi om hendinga i skoddetunge november 2017. Foredraget «To fly, or not to fly» vart halde i juni 2026. Fyrst for alle tilsette, der eg fekk møte Erik Normann,Pilot i NLA og Leder Flyoperativ utvikling i SNLA, som gjekk gjennom loggen og fortalde heilt presist kva som skjedde dei magiske 15 minutta på Lørenskog. Så fekk eg fortelje historia mi for alle distriktsleiarane i frivilligheita, og til slutt fekk eg snakke til feltvervarane – dei som sørgjer for nye støttemedlemmer og pengar til mellom anna PinS. PinS gjer det mogleg å fly på EILAT, eit landsdekkjande rutenett for instrumentflyging med helikopter mellom punkta, sett i drift i 2017.
Helikopteret blir klargjort på Lørenskog. Flyruta blir plotta inn, og ein stolar på ho. Rutinerte pilotar, dårleg sikt. Maskina landar på Ringerike som planlagt og tek av att ein time seinare. Eg ligg no på båra med open buk, surra inn i noko som liknar plastfolie av typen Gladpack (metode: VAC). For at dei skal få sydd meg saman att, MÅ operasjonen som dei starta på Ringerike, avsluttast på Ullevål. Me landar midt på natta, og det blir nye tre timar på operasjonsbordet.
Folket på Ullevål leverer. Eg lever.
Seks dagar i koma. Oppvakning. Såret stifta saman i hui og hast. Fleire ting reparert på veg ut av sårkantane. Milt, CHECK. Tumor i tjukktarmen, CHECK. Blodprøve av levra. DET ville dei ha. For kvifor var CRP-en 298? Alt eg no veit om leverabscess, Entamoeba histolytica, årsak og informasjon skildra i epikrisen, er takka vere fagleg stoltheit og ikkje minst NYSGJERRIGHEIT hjå dama på Ullevål som brukte mykje tid på å finne ut av dette. Ho bestilte ei ekstra blodprøve før eg vart stifta saman.
Heime på Medhus. Voldsomt takksam, no. Hallingdølen kjem. Eg takkar. Livet går vidare.
Nesten alt er 100 %. Inne i bukveggen skjer det ting. Mest sannsynleg kom prosessen i gang med ein gong etter operasjonen. Bukveggen min har hol, og det revnar og ryk. Eg et meg opp. Trenar lite. Jobbar alltid. Reiser. Trenar ikkje mykje. Eg går litt. Åra går fort.
Hausten 2025. Livet er godt, og det er travelt. Kjæraste i alle dalars mor, friske og nysgjerrige ungar på full fart inn i vaksenlivet. I magen min er det uro. Så ringjer telefonen. Det er Ringerike som er på tråden. Stian vil snakke med meg. Om brokk og eventuelt rekonstruksjon av bukveggen.
Me møtest på HSS, Hallingdal sjukestugu. Det er Stian som seier dei legendariske orda: – Medhus! Akkurat no er det litt for mykje sovepose i trekket. Du må redusere vekta di, så opererer vi og fiksar brokket ditt. Oj! Det er jo heilt rått, tenkjer eg. Tydeleg oppdrag og tydeleg beskjed. Alt saman i ein oppmuntrande tone og med eit glimt i auga. Slik du får frå dei som heiar på deg. Eg kjøpte brokkbelte som avtalt, kutta ut all alkohol og alt av søtsaker og fekk treningsprogram av Syver til farsdagen. Sigrid hadde trua: – Det er klart du klarar det! Ok. Eg sette i gang med heilt normale endringar, og dagane gjekk. Lovnader om datoar blir brotne. Avtalar på jobb må endrast. Ofte. Det går ut over ting. Mellom anna lokalpolitikarrolla mi. No er det berre denne operasjonen som står i hovudet mitt. Eg blir nesten fanatisk. Null sjokolade. Null alkohol. Null politikk. Altfor mange avtalar må endrast. Kundane er utruleg tolmodige. Det blir flytta, endra og flytta att. Og i august er det endeleg klart. Inntakskontoret og eg har felles kalenderopning, og Stian Skramstad og John Christian Glent har samanfallande vaktplan. Dei to beste. Dei skal reparere og forsterke bukveggen min. Heilt rått.
Pål, 52, får botox sist i august. Eg har ete meg ned. Trent litt. Valt vekk mykje. Datoen er klar: 25. september. Jobben blir avslutta kl. 21.30 i Fredrikstad på torsdag, og kursen blir sett mot Klækken hotell. To nye beskjedar har kome frå Stian: Vask deg med supersåpe frå apoteket (den var merka som brennbar), og barber kassa glatt heilt ned til skambeinet.
Motteke. Eg er lydig.
Marita er med til Ringerike. Inn kl. 07.00. Eg er fyrst ut denne dagen. Det blir skifta, sjekka og klargjort. Stian kjem inn på rommet, iført hettegenser og med lilla tusj. – Er du klar? spør han. Om eg er? Er du? Han smiler lurt og legg vekk tusjen. – John Christian og eg er klare. Vi gler oss. Vi hoppar over teikningane, for dette kjem til å bli litt ad hoc når vi får opna og får skikkeleg oversikt.
Gudbrand er anestesisjukepleiar og forklarer enkelt og greitt at snart er det tid for å sove. Eg rekk å tenkje at det hadde vore kult om Stian gjennomførte i hettegenser. Og om … borte!
Operasjonen avslutta 12.15. Oppvakning frå narkosen 14.00. No er dei i gang, alle saman.
Ein etter ein kjem dei inn på rommet på postoperativ avdeling. Alt stemmer. Alle målingar er gode. Blod, puls, temperatur. Urinproduksjonen er optimal. Det piplar og renn frå slangen i tissen. Den litt større slangen er også travel. Det er dreneringa frå inne i bukveggen. Bak det ytste hudlaget ligg han og tek imot all væska som kroppen insisterer på å produsere for å lækje seg sjølv. Det er litt i overkant, så me drenerer det vekk. Alt blir målt i milli. Eg får 0,4 no. Rett i ryggen. Smertestillande. Eller er det smertelindrande? Usikker på skilnaden. Eg døser. Berre ligg heilt i ro. Det er det eg gjer. Det er det eg kan. Det er det eg klarar. Stian kjem inn. Han og eg snakkar i korte setningar. Begge meistrar lange, men me vel korte. Den lange praten ligg lenger framme. Det er fredag, og Kommandørkapteinen skal heim. Marita slepp inn litt over fire. Ho har med gåve. Nye sko. Ho ordrer opp. Passer på meg. Handler på butikken. Så reiser jo til G-Valley. Eg blir der eg er.
Lurdag no. Syver kjem innom på veg opp til haustferie. Broderen kjem innom med god tid. Kaffikopp til begge. Praten går lett. Prøver å oppdatere familien på sms. Mykje tommel opp, smilefjes og hjarte. Slik har det blitt. Enkelt.
Inn på nytt rom, og nye smilande og sprudlande menneske kjem inn. Ofte. Små ærend og viktige observasjonar. Matstellet er bra. Mange små måltid, riktige porsjoner. Akkurat slik det siste året har vøri. Eg drikk som vanleg berre vatn og held meg unna sukker. Det er sundag no, og ny veke står for tur.
Måndagen startar brått, med rombyte fordi golvbelegget i gangen skal skiftast. K205 er der eg endar opp. Det er her eg kjenner livet ta fart og form att. Denne gongen med ein perfekt utført rekonstruksjon og ein ny, planlagd reparasjon.
Dagane går fort. Eg konsentrerer meg. Les namneskilt og legg dei på minnet. Stian, John Christian, Gudbrand, Marie og gjengen på kirurgisk. Selma, Liv, Kari, Daniella Mercedes, Synne, Kamilla, Janicke, Vilma og Maiken. Nattevakt, morgonvakt, dagvakt og kveldsvakt. Sjukepleiarar, legar og kirurgar. Studentar og folk med PhD i kroppsdel eller funksjon. Alle er hjelpsame, og alle er nysgjerrige.
Ei er streng, ein er mann.
Damene frå laben stikk innom … Guro frå fysio får meg på beina. Alle frå reinhaldsgjengen, som er innom kvar dag, smiler mest. Kari i kantina og han i kiosken. Info- og administrasjonsflokken. Laget er stort, godt instruert og godt leia. Eg kan ikkje skjøne anna.
Så skal eg snart heim. Men den samtalen med lange setningar manglar framleis.
Torsdag kjem kollega Paul Arthur innom. Påfyll av frukt og avis! Neste gjest er kirurgen, som svingar innom att og har ein heil flokk med folk i hælane.
Studentar som skal lære. Eg er ein case. Igjen. Forrige gong vart eg han med leveranscess, som vart redda. No studerer dei nye meg på ny. Marinens kulaste kirurg kallar brokket mitt eit sveitserostbrokk. Derfor blir eg ein case. Alle i rommet er nysgjerrige. Det har vi felles.
Fredag kjem Stian innom åleine. Praten blir sveivd i gang. 451.11 Medhus er den mest nysgjerrige på K205 no. Det blir ei 40 minutt lang leksjon og innsikt i kva som er gjort. Mykje fascinerer meg undervegs i den innsiktsfulle og levande forteljinga frå Stian. Det råaste er likevel forklaringa på den syltynne nettingen som no blir den nye bukveggen min. Parietene, ein netting frå produsenten Sofradim. Sofradim ligg i Trévoux, ein liten by rett nord for Lyon. Folk og maskiner i Trévoux har strikka nettingen. Han veg 42 gram per kvadratmeter og er like tynn som Gladpack. Han er sterk som rakkaren, og teksturen består av sekskanta, opne hol. Han er laga av monofilament polypropylen. John Christian og Stian stod på kvar si side av sverdtappen og la han på plass, etter fyrst å ha brukt timar på å skilje musklar, hinner og vev. To menn i flaumlys, og ein mann på benken.
Eg lyttar og rekk å seie tusen takk fire–fem gonger. Begge kirurgane er svært godt nøgde. Han smiler lurt og ser stolt og glad ut. Utover i samtalen forstår eg kor inn i hampen komplekst dette er. Presisjon, trening og samspel. Fy flate, så imponerande. Ringerike er i toppsjiktet på denne typen kirurgi, fordi Erling, John Christian og Stian er nysgjerrige.
Eg gir meg her. Med skrivinga, altså. Har du lese hit, er du nysgjerrig. Det likar eg.
No skal eg halde fram og stå i dei varige og medvitne endringane mine. Trene meir. Gå lenger. Kanskje ein Troika snart? Eg trur det. Tosifra før julaftan 26? Tja. Kanskje det?
Og det skal takkast. Takk, Sigrid, dotter mi, for at du har halde ut med ein pappa som ikkje har vore der så mykje som tenkt og ønskt. Takk, Syver, for alle samtalar om så mangt. Takk, Marita, for alt det gode du gjer og er. Takk, Anders bror. Du er stor. Takk, heile familien, for heiarop og tolmod.
No skal eg ikkje skrive meir om denne hendinga på internett.
I boka mi, «Entusiasmens pris», kan du lese heile tankerekkja rundt turen til Zanzibar… og korleis opphaldet der endra livet mitt, og stadig minner meg på viktigheten av å være nysgjerrig.!

Marie Klåpbakken blir eksempelet denne gangen! Underholdning gir det faglige innholdet et sted å lande. Ren fakta og strategi kan være riktig og viktig, men uten glede og energi rundt, forsvinner ofte budskapet i mengden av alt annet folk har på agendaen.

Journalist Celina Therese Ekholt i Aftenposten har diverre heilt rett. I ein artikkel publisert i august skriv ho om korleis norske festivalar i aukande grad satsar på alt anna enn sjølve line-upen. Eg har lese artikkelen, og eg er einig i konklusjonen: det er ikkje headlinaren du hugsar.

Mange spør meg om kva det eg har måttet ofre på min veg som gründer. Eg har ikkje vørte tvinga til å ofre noko, men det har blitt ofra. Mykje. Ikkje tå fri vilje, men meir som ein konsekvens.