Neste torsdag skal reiselivet i Hallingdal kikke i glasskula, klokka åtte om morgenen, med frokost. Det er eit godt tidspunkt, for då er vi for trøtte til å pynte på svara og påstandene som kjem...
Eg digger spåkoner. Dei har mot til å si noko om framtida, og det er meir enn dei fleste strategidokumenter har. Spåkoner er ofte modige og vågale. Dei har sine triks, og dei er god historiefortelling! Men, har du prøvd å snakke med spåkona om det ho spår om?
På torsdag 6. november er det duket for Vannhull Hallingdal, som er eit gratis arrangement og ein viktig møteplass for næringslivet i Hallingdal. Regionrådet for Hallingdal, Skue Sparebank, Sparebank 1 Hallingdal Valdres, Grind forsikring, Hallingdal Næringshage, NHO Viken Oslo og NITO Buskerud, er dei som står bak arrangementet. Solide pertnere som har eit lokalt engasjement og brukar store ressurser på å skape desse møteplassene. Det inviteres breitt og folk strøymer til.
Der håper dei frammøtte å høyre noko om rammevilkår og reisemønstre, som er spår er lite endra og mykje det samme som før. Her vil dei som ser i glasskula kunne si mykje som står svart på kvitt. Det er forskere som har leite med lys og lykte i mange år, og internettgenerert informasjon å hente i massevis. Skal eg tippe, er det lite nytt i en forbindelse.
Det eg håper dei prater om, er to emner. Det eine er, korlei ein på ein god måte kan løfte kommunikasjonen og målrette marknadsføring inn mpt interessabaserte målgrupper. Akkurat slik Geilo har gjort det med Norway Home of Skiing og Hallingdal med sin sykkelsatsing. Det er mønstereksepel på tilnærming av marked og målgrupper. Det andre er kva gjestene / publikim skal sitte att med når dei reiser heim. Det er det som avgjer om gjester kjem att, og opplevelsen på staden er det som avgjer den totale verdiskapinga.
Kanskje ein kunne ha satt opp Opplevelsesøkonomi, kvalitetsutvikling og dei nye (og gamle) trendene innan moderne reiselivsutvikling? Å skape opplevelser er ikkje berre å skape varme øyeblikk i ei bagstoge, eller på ein ridetur. Det er like mykje korleis butikkar tek i mot folk, korleis togturen og møtet med den lokale entreprenøren er.
Kva om Vannhull vart ein arbeidsplass, der alle frammøtte jobba sammen og problematiserte ulike emner, diskuterte og kom med forsalg til kva me sammen kunne gjere for å forbedre situasjonen?! Men, det er kanskje ikkje so lett å få til det.


Nesten alt er 100 %. Inne i bukveggen skjer det ting. Mest sannsynleg kom prosessen i gang med ein gong etter operasjonen. Bukveggen min har hol, og det revnar og ryk. Eg et meg opp. Trenar lite. Jobbar alltid. Reiser. Trenar ikkje mykje. Eg går litt. Åra går fort.

Da Gol kommune ringte meg og spurte, vart eg først glad, så litt nervøs og så bestemte eg meg for å verkeleg prøve å dundre til! Med Lego, fargeblyanter og eit skrått blikk med glimi augo.

At Vinjerock har overlevd er for mange, eit ukjent under. Det lette er å koma på ideen, raske sammen eit program og gjennomføre i tidlege år. Det dei færraste klarer er å være seg sjølv, bygge identidet samstundes som publikummet endrar seg, og klare akkurat det i 20 år! Vinjerock skill seg ut.