At Vinjerock har overlevd er for mange, eit ukjent under. Det lette er å koma på ideen, raske sammen eit program og gjennomføre i tidlege år. Det dei færraste klarer er å være seg sjølv, bygge identidet samstundes som publikummet endrar seg, og klare akkurat det i 20 år! Vinjerock skill seg ut.
Heldige meg fekk væra tilstades på årets Vinjerock i den skjøre fjellheimen, som Aasmund Olavsson Vinje døypte til Joutunheimen for ei tid tilbake. Det var min andre tur dette her, og for 7 år sidan var agendaen laus, men sammen med andre tok eg for meg av festivalprogrammet og skapte minner for livet. I år var mykje likt, men eg var der på jobb meir enn fritid, og eg drikk ikkje lengre alkohol. Noko som nok gjer ein forskjell, både for meg og dei rundt meg.
Mitt høgdepunkt på årets festival kan delast inn i tre jamnstore opplevingar. Delt fyssteplass, altså. BigBang feide all tvil tilsides, og konsteterte at dei som er født inn i rocken, KAN rocke bedre enn andre. Å møte fagfolk frå Matskattløeverandører var jevt. Veldig stas. Lærerikt, men også ei påminning om at me må komma uss videre. Me kan ikkje gje uss no. Norsk mat og drikke, fortellingene om alt det fantastiske me har, MÅ me løfte lengre opp i bevisstheten.
Den tredje opplevinga skill seg likevel litt i frå dei to andre, på eit personleg nivå. Gründerfortellingene som vart framført i teltet, der 20 år med Vinjerock vart forklart, tok meg. Tok meg med på ein tur full av følelser, bekreftelser og ga meg på samme tid ro. Vinjerock har nemleg hatt ein del utforingar, so store at både tårer og sveitte rann i strie straumar på eit tidspunkt. Gjeld, underskot og helsikkes mykje krøll. Og so! Åpenheit, ærlegheit og eit kollosalt fellesløft der dugnad og tillit trumfa alt det svarte og grå! Eit mønstereksepel. Noko alle kan lære av!
Vinjerock står der no som ein bauta i fesitvalnorge. Og noko av det kuulaste eg merkar, er musikkprofieln som treff dei over 3000 som kjøper festivalpass, og all aktivitet som skapes under festivalen. Heilt spesielt, og godt gjennomført. Vaksne folk for sjå sin fysste fjellaure i panna og andre får springi av seg gårsdagen i fjellsportkonkurranser. Det knyttes vennskapsband, relasjoner og tillitt. Tillit til at Vinjerock skal stå der som einbauta i 20 år til.
Tusen takk, alle VInjerockerar, arrangørkorps og ikkje minst; Tusen takk, Eirik. Eirik Høyme Rogn, som var hovedgründeren og den sentrale primus motor bak etableringen av Vinjerock tilbake i 2006. Du er ein råtass, og god til å få andre til å bli med og bli bedre. Det er ein av fleire egenskaper eg verdsett høgt med deg!

Trine på Vestlia ringte meg å lurte på om eg kunne ta ein prat med ABB, dei trengte eit humorinnsalg på fem sammlinger totalt. Så ringte eg kontaktpersonen i ABB, og det viste seg at det skulle litt meir til enn ein gammel vits eller to til for å levere det som var ønsket. Det vart avtalt eit møte..

Da Gol kommune ringte meg og spurte, vart eg først glad, så litt nervøs og så bestemte eg meg for å verkeleg prøve å dundre til! Med Lego, fargeblyanter og eit skrått blikk med glimi augo.

Mange spør meg om kva det eg har måttet ofre på min veg som gründer. Eg har ikkje vørte tvinga til å ofre noko, men det har blitt ofra. Mykje. Ikkje tå fri vilje, men meir som ein konsekvens.