Nokre stader besøker du, og huksar ei stund. Andre stader finn vegen rett inn i hjartet ditt, og blir der. Hylja Lodge er utan tvil det siste.
Frå det augeblikket du kjem fram, opp den trollaktige køyrevegen blir du møtt av eit vertskap i absolutt verdsklasse. Den ekte varmen, omsorga og gjestfridomen gjer at du kjenner deg heime med ei gong. Her er du ikkje berre ein gjest – du vert teken imot som om du alltid har høyrt til.
Utsynet mot Rondane er rett og slett ubeskriveleg. Dei mektige fjella, det skiftande lyset og den djupe stillheita skaper ei ro som er vanskeleg å setje ord på. Kvar morgon og kvar kveld opnar naturen eit nytt meisterverk framfor augo dine. Og det har for så vidt Gudbrandsdalen bydd på og imponert kunstere, forfattere og farande fant med i hundrevis av år…
Og no altså Hylja Lodge.
Estetikken på Hylja Lodge er i ei klasse heilt for seg sjølv, og med skifer i hovudrolla. Kvar minste detalj ber preg av kjærleik til naturen, materiala og handverket. Alt er gjennomført med ei kjensle for kvalitet og skjønnheit som gjer opphaldet heilt spesielt – eksklusivt, men samstundes varmt og ekte. Og Åsta og Øystein, vertskapet, eit heilt eige kapittel i kjærleiksbokji. Handlekraft, bærekraft og kjærleikskraft.
So kva har skjedd med Gudbrandsdalen ? Jo, dei har fått deg eit nytt verdensprodukt.
Hylja Lodge har skjedd. Hylja Lodge er så mykje meir enn ein stad å overnatte. Det er ein stad der tida går litt saktare, skuldrene senkar seg, og ein finn att roa. Eg reiste derfrå med hjartet fullt av takksemd for å få oppleve alt sammen, so tidleg…og eit sterkt ynske om å kome attende. Men, då skal eg ha med kjæresten og nyte dobbelt! Nokre opplevingar kan ikkje målast i stjerner – dei målast i kjenslene dei etterlet. Hylja Lodge er ei slik oppleving.

Det er sannsynleg at verdiskapningen rundt Peer Gynt kulturfestival er over 50-60 millioner kroner, kvart år. Det skjer i løpet av ei drøy uke i starten på august, kvart einaste år. Men, kvifor går det så bra? Eller er det eit spel for galleriet? Kven tjener på at Peer Gynt kulturfestival lukkast?

Når du og gjengen kjem til fjells for å bli underholdt og skape gode minner sammen, så er det mange måter å gjere dette på! Embrik Kørfesett vart skapt i 1997, og gjorde furore på mangt eit firmaarrangement på Geilo. Kva hadde skjedd om han kom tilbake no? Tåler vi det som vi tålte før?

Før dere booker teambuilding bør dere avklare gruppens størrelse og sammensetning, hva målet med aktiviteten er, og hvordan opplevelsen skal følges opp i etterkant. Still gode spørsmål til leverandøren du er i dialog med.