Høve Støtt
Hug Leik Alvor Verksted Arenaer Om oss Podcast Påsten Masterclass Opplevelse Nettbutikk Kontakt Pål
Telemark i tet!
Høve Støtt / Verksted / Telemark i tet!
Alvor
#reiseliv #opplevingsøkonomi #konseptutvikling #Telemark #destinasjonsutvikling

Telemark i tet!

Kasper Bendtsen-Nielsen har heilt rett når han skriv: «Ingen reiser til ein stad fordi dei har ein strategi. Folk reiser fordi noko fristar.» Eg blir så inderleg glad når eg ser reiselivsselskap jobbe på denne måten. Varm i opplevingshjartet. Heie, Telemark sier no eg!

Reiselivet er fullt av strategiar, som andre bransjar. Telemark er ikkje noko unntak. Strategiar blir laga. Og lagde vekk.

På torsdag samlar Telemark ein god gjeng reiselivsfolk for å jobbe med opplevingsutvikling, og denne gongen er tittelen konseptutvikling. Dei to omgrepa spring litt i beina på kvarandre, så eg vart frista til å forklare korleis eg forstår skilnaden.

Opplevingar
Telemark har mange enkeltståande opplevingar: Telemarkskanalen, Gaustabanen, Bø Sommarland, museum, bakeri, badstuer og tilrettelagde turar. Lista er lang. Men det er publikum som eig fasiten på om noko verkeleg er ei oppleving. Det som er ei god oppleving for deg, treng ikkje vere det for meg.

 >>>> Konsept 
Eit konsept er først eit konsept når det får konsekvensar i sjølve gjennomføringa. Det består ofte av fleire element og ulike opplevingar som alle støttar opp om same idé.
LEGOLAND er eit konsept. Alt handlar om Lego: å byggje, leike, skape og vere nysgjerrig. Pommes fritesen ser ut som ein 2x4-kloss, og karusellane er forma som noko frå Lego-universet. Kaptein Sabeltann på Sørlandet, Restaurant Under ved Lindesnes og Peer Gynt-spelet på Gålå er andre gode døme. Festivalar er ofte flinke til å samle fleire opplevingar innanfor éi konseptramme.

Korleis lage eit konsept?
Set premissar og ei ramme. Til dømes:
ROSA – RIMELEG – RARE DYR – RÅTT – RUSTIKK.
Då har du ei ramme som må følgjast. Då jobbar du konseptuelt. Korleis ville restauranten sett ut om dette var premisset for alt i restauranten? 

Difor gler eg meg til å sjå kva element og opplevingar Telemark no set saman til nye konsept. Reiselivet i Noreg treng fleire gode konsept å selje til ulike målgrupper. Vi er tross alt like, anten vi bur i Tønsberg eller Århus. Ser vi noko som fristar, reiser vi dit og opplever det.

Og for at folk skal kome til Telemark og kjøpe dei nye konsepta, må ein jobbe strategisk. Men ein treng ingen lang strategi på mange sider for det. Konseptutvikling inneheld også den delen av jobben: Korleis skal vi selje, og kva skal vi seie?

Lykke til med arbeidet, Kasper og gjengen! 🙌

#reiseliv #opplevingsøkonomi #konseptutvikling #Telemark #destinasjonsutvikling

Takk! Du er på lista. 🎉